Kvifor bør du velje blåseisolering?

  • Miljøvennleg - bærekraftig, resirkulert og negativt CO₂-avtrykk
  • Energisparing - varmeleiingsevne (0,037 W/mK)
  • Installasjon - raskere, enklare og ikkje noko svinn
  • Betre inneklima - betre lydisolasjon og fuktregulerande
  • Økonomisk - lågare straumrekningar og tilgjengeleg Enova-støtte
  • Sikkert - brannhemmande og motstandsdyktig mot skadedyr
  • Fleksibelt - passer i alle typar konstruksjonar
Reel av isolasjonsmateriale med to pakker ISOCELL isolasjon og en klump av isolasjonsmateriale foran.

Fjordane Isolering er spesialistar på blåseisolering. Enten du skal etterisolere eit eldre hus eller treng isolering i eit nybyggprosjekt, leverer vi raskt, effektivt og med dokumentert kvalitet.

Vi vel isolasjonsmateriale basert på konstruksjonstype, fuktforhold og kundens ønskje. Vårt hovudprodukt er Isocell celluloseisolasjon frå Nviro, men vi brukar også Isover blåseull frå Glava der det er mest eigna.

  • Arbeider monterer isolasjon på taket av en bygning under konstruksjon.

    Vi utfører isolering og etterisolering av bustadar

    Med etterisolering kan du redusere straumforbruket betydeleg, få ein lunare og meir komfortabel heim, og spare tusenvis av kroner kvart år. Vi kan hjelpe deg å isolere nybygg og etterisolere eldre bygg, fortrinnsvis i Vestland og Møre og Romsdal. For oss i Fjordane Isolering er alle oppdrag like viktige - ingen jobb er for liten eller for stor.

  • Utsikt av en byggeplass med to varebiler og en lastebil med skiltet Fjordane Isolering, en stor kran, og et bygning under oppføring.

    Blåseisolering av næringsbygg, offentlege bygg og større nybygg

    Blåseisolering gjev deg ei profesjonell og effektiv løysing som sparer både tid og arbeidskraft på byggjeplassen. Vi utfører blåseisolering til nybygg eller etterisolering av næringsbygg og offentlege bygg.

  • Lastebil med åpen bakdør, utstyr for fjord- og isoleringsarbeid, rør og verktøy inne i lastebilen, med fjell og blå himmel i bakgrunnen.

    Utsuging av gammal isolasjon

    Skal du rehabilitere eit eldre bygg? Vi tilbyr profesjonell fjerning av gammal isolasjon – trygt og effektivt.

Bildegalleriet

Fordelar med blåseisolering og cellulosebasert blåseisolering

EU sitt bygningsenergi-direktiv

Det nye direktivet frå EU set klåre krav til energieffektivisering av alle bustader. Noreg er forplikta gjennom EØS-avtalen til å gjennomføre direktivet.

  • Energiforbruket i bygg skal ned med 16 % innan 2030 og 20–22 % innan 2035
  • Halvparten av kutta skal kome i den minst energieffektive delen av bustadmassen
  • Alle nye bygg skal vere nullutsleppsbygg frå 1. januar 2030
  • Alle bygningar skal kvalifisere til energiklasse A innan 2050

For mange heimar betyr dette at etterisolering vil verte nødvendig for å møte krava. Etterisolering er eit av dei mest lønsame tiltaka – og du kan få støtte frå Enova. Les meir om EU sitt bygningsenergidirektiv.

Siste artiklar - tips, inspirasjon og fagstoff

Svar på ofte stilte spørsmål (FAQ) om blåseisolering