Fjordane Isolering - blåseisolering sidan 2006

Fjordane Isolering vart etablert av Gunnar Atle Kjørvik i 2006. I byrjinga fekk Gunnar leige utstyr med Arne Krumsvik i Norsk Celluloseisolasjon, og fekk grundig opplæring før han etter kvart tok over utstyret. Dei første åra utførte vi ein del snikkararbeid i rolegare periodar, men dei siste åra har vi drive med blåseisolering på fulltid.

Fjordane Isolering har sidan byrjinga satsa på blåseisolering levert av Nviro (tidlegare CBI Norge), som er Norges største leverandør av cellulosebaserte isolasjonsløysningar til byggebransjen. Nokre av fordelane ved cellulosebasert blåseisolasjon, er at det er svært miljøvennleg, sparar mykje tid, fører til betre logistikk på byggeplassen, gjev lite avfall og har svært god fyllingsgrad.

Sidan 2013 har vi stort sett vore 2 tilsette, samt innleigd hjelp i særleg hektiske periodar. I dag arbeider Gunnar med svigersonen Kjetil Klakegg, som skal ta over firmaet når Gunnar blir pensjonist. Kjetil er utdanna tømrar og har 14 års erfaring frå byggebransjen i Bergen.

I august 2025 vart Fjordane Isolering omorganisert frå eit enkeltpersonforetak til eit aksjeselskap. I den samanheng fekk vi inn Endre Nilssen Myklebust og Erik Seime på eigarsida og i styret. Endre og Erik driv Tømrar Myklebust og Byggmester Seime, og har lang erfaring frå byggebransjen. Med denne omorganiseringa er Fjordane Isolering rusta for framtida.  

Det er viktig for oss å yte god service og opparbeide gode kundeforhold. Fjordane Isolering har mange faste bedriftskundar, der fleire av desse er store aktørar i byggebransjen. I tillegg har vi hjelpt mange privatkundar med å etterisolere bustaden sin. Vi er opptatt av å oppnå best mogleg kvalitet på utført arbeid.

  • Bilde av gründer og dagleg leiar Gunnar Kjørvik

    Gunnar Kjørvik

    DAGLEG LEIAR / GRÜNDER

    Gunnar er utdanna teknikar ved Teknisk Fagskule og økonom frå Oppland DH. Han har nesten 20 års erfaring med blåseisolering.

    E-post: gunnar@fjordaneisolering.no
    Telefon: 918 27 844

  • En mann smiler og står foran en vannkraft- eller hydroelektrisk anlegg, iført svart t-skjorte med teksten 'FJORDANE ISOLERING'.

    Kjetil Klakegg

    ISOLATØR OG TØMRAR

    Kjetil er utdanna tømrar og har 14 års erfaring frå byggebransjen i Bergen. Han skal ta over verksemda når Gunnar pensjonerer seg.

    E-post: kjetil@fjordaneisolering.no
    Telefon: 908 45 851

  • Bilde av en generisk brukers profilbilde, bestående av en grå silhuett på en lys bakgrunn.

    Eskil Kjørvik

    MEDARBEIDAR

    Eskil har gått på videregåande på Nordfjordeid og er ein arbeidssom ungdom som hjelper til ved behov.

  • Media og presse

    Treng du logo og bilder av oss? Last ned pressefoto og logofiler i ulike filformat her.

  • Dokumentasjon

    Treng du dokumentasjon til eit byggeprosjekt? Last ned dokumentasjon på Isocell her.