Kvifor bør du velje blåseisolering?
- Miljøvennleg - bærekraftig, resirkulert og negativt CO₂-avtrykk
- Energisparing - varmeleiingsevne (0,037 W/mK)
- Installasjon - raskere, enklare og ikkje noko svinn
- Betre inneklima - betre lydisolasjon og fuktregulerande
- Økonomisk - lågare straumrekningar og tilgjengeleg Enova-støtte
- Sikkert - brannhemmande og motstandsdyktig mot skadedyr
- Fleksibelt - passer i alle typar konstruksjonar
Fjordane Isolering er spesialistar på blåseisolering. Enten du skal etterisolere eit eldre hus eller treng isolering i eit nybyggprosjekt, leverer vi raskt, effektivt og med dokumentert kvalitet.
Vi vel isolasjonsmateriale basert på konstruksjonstype, fuktforhold og kundens ønskje. Vårt hovudprodukt er Isocell celluloseisolasjon frå Nviro, men vi brukar også Isover blåseull frå Glava der det er mest eigna.
-

Vi utfører isolering og etterisolering av bustadar
Med etterisolering kan du redusere straumforbruket betydeleg, få ein lunare og meir komfortabel heim, og spare tusenvis av kroner kvart år. Vi kan hjelpe deg å isolere nybygg og etterisolere eldre bygg, fortrinnsvis i Vestland og Møre og Romsdal. For oss i Fjordane Isolering er alle oppdrag like viktige - ingen jobb er for liten eller for stor.
-

Blåseisolering av næringsbygg, offentlege bygg og større nybygg
Blåseisolering gjev deg ei profesjonell og effektiv løysing som sparer både tid og arbeidskraft på byggjeplassen. Vi utfører blåseisolering til nybygg eller etterisolering av næringsbygg og offentlege bygg.
-

Utsuging av gammal isolasjon
Skal du rehabilitere eit eldre bygg? Vi tilbyr profesjonell fjerning av gammal isolasjon – trygt og effektivt.
Fordelar med blåseisolering og cellulosebasert blåseisolering
-
Blåseisolering går betydeleg raskare enn manuell legging av isolasjonsmatter. Ein erfaren installatør kan isolere store flater på kort tid, noko som reduserer tid på byggeplass og arbeidskostnadane betydeleg.
-
Blåseisolering forenklar logistikken på byggeplassen betydeleg. Materialet kjem komprimert i sekker som tek minimal lagringsplass – eitt køyretøy med blåseisolasjon kan erstatte fleire trailerlaster med tradisjonelle isolasjonsmatter. Det betyr mindre handtering, færre leveransar og ein ryddigare arbeidsplass utan store paller som ligg i vegen. I tillegg gjev metoden minimalt med svinn og avfall, sidan vi blåser inn nøyaktig den mengda som trengst. For entreprenørar og byggmeistrar inneber dette lågare fraktkostnadar, betre utnytting av plassen på byggjeplassen og mindre tid brukt på avfallshandtering.
-
Dette er truleg den største fordelen ved celluloseisolasjon. Cellulosefiber er hydroskopisk, som betyr at isolasjonen kan ta opp og gi frå seg fukt opp til 20 % utan å miste isolasjonsevna. Fukta blir fordelt gjennom heile isolasjonslaget. Det gjer celluloseisolasjon ideelt i vestlandsk klima med mykje nedbør og høg luftfuktigheit, spesielt i eldre bygg som manglar dampsperre.
-
Ved etterisolering av eksisterande konstruksjonar slepp du å rive opp panel, kledning eller gipsplater. Det blir bora små hol (ca. 35 mm) som blir tetta igjen etterpå. Dette gjer blåseisolering ideelt for renovering av eldre bygg der du vil behalde den opphavlege konstruksjonen intakt.
-
Celluloseisolasjon har låg lambda-verdi på 0,037 W/mK (Isocell), noko som gjev svært god isolering. Materialet fyller alle holrom, spalter og krikar utan å danne kuldebruer. Dei lange cellulosefibra og den høge densiteten motverkar konveksjon, det vil seie luftstraumar inne i isolasjonen. Det gjer at evna til å halde på varmen blir optimal.
-
Isocell har ein høg andel resirkulert materiale. 85-95% av produktet er resirkulert avispapir. Det utgjer 0.91 kg sekundære materialer per kg produkt. Cellulosebasert isolasjon kan også gjenbrukast som isolasjon og er tillatt ved forbrenning med energiutnytting.
-
Isocell har eit negativt totalt CO₂-avtrykk på -1.28 kg CO₂-ekvivalenter per kg produkt. Det betyr at produktet faktisk lagrar meir CO₂ enn det slepp ut gjennom heile sin livssyklus. Det skuldast at det resirkulerte papiret har lagra biogent karbon som blir verande bunde i produktet gjennom heile den 50 år lange levetida.
-
Isocell har Euroklasse B-s2,d0 som er den beste oppnåelege brannklassa for celluloseisolasjon. Isolasjonen blir tilsett brannhemmande mineralske salt (magnesium og borsyre). Ved brann vil isolasjonen sleppe frå seg oppbunden fukt, som hemmar brannutviklinga.
EU sitt bygningsenergi-direktiv
Det nye direktivet frå EU set klåre krav til energieffektivisering av alle bustader. Noreg er forplikta gjennom EØS-avtalen til å gjennomføre direktivet.
- Energiforbruket i bygg skal ned med 16 % innan 2030 og 20–22 % innan 2035
- Halvparten av kutta skal kome i den minst energieffektive delen av bustadmassen
- Alle nye bygg skal vere nullutsleppsbygg frå 1. januar 2030
- Alle bygningar skal kvalifisere til energiklasse A innan 2050
For mange heimar betyr dette at etterisolering vil verte nødvendig for å møte krava. Etterisolering er eit av dei mest lønsame tiltaka – og du kan få støtte frå Enova. Les meir om EU sitt bygningsenergidirektiv.
Siste artiklar - tips, inspirasjon og fagstoff
Svar på ofte stilte spørsmål (FAQ) om blåseisolering
-
Blåseisolering er ein moderne isolasjonsmetode der isolasjonsmateriale blir blåst inn i holrom ved hjelp av spesialmaskiner og trykkluft. Materialet (cellulose, glasull eller trefiber) kjem komprimert i sekkar, som blir tømde i ein blåsemaskin på byggjeplassen. Isolasjonen blir løyst opp og blåst gjennom slangar inn i konstruksjonen.
-
Blåseisolering gir dokumenterte fordelar som direkte påverkar prosjektet si botnlinje:
Tidsbesparing:
Standard einebustadshus: 1 dag vs 1-2 veker med matter
100 m² loft: 1-4 timar vs fleire dagar
1000 m² loft: 1 dag vs 10 dagar med handisolering
Fullstendig isolering kan gjerast medan andre fag jobbar parallelt
Kostnadsbesparing:
Færre arbeidstimar = lågare lønnskostnader
Ingen svinn eller avkapp (0% avfall)
Ingen lagringskostnader på byggeplass
Alt utstyr og materiale kjem i éin bil
Enklare logistikk
Betre kvalitet:
Betre fyllingsgrad - eliminerer kuldebroer
Tettare isolering rundt tekniske installasjonar
Jamn komprimering sikrar ingen setnader
SINTEF-godkjende produkt
-
Blåseisolering er allsidig og kan nyttast i:
Nybygg:
Einebustadshus og rekkjehus
Leilegheitsbygg og bustadblokker
Næringsbygg (kontor, butikk, lager)
Offentlege bygg (skular, barnehagar, sjukehus)
Elementbygg og modulbygging
Renoveringsprosjekt:
Etterisolering av større bygårdar
Rehabilitering av verna bygningar
Oppgradering til moderne energikrav
Ombygging av næringsbygg til bustader
Alle konstruksjonar:
Ytterveggar (lukka holrom)
Kaldloft og etasjeskiljerar
Skråtak og skråhimlingar
Bjelkelag og golv
Kneveggar
-
Blåseisolering gir fleire fordelar:
Fyller alle holrom perfekt – ingen skjøtar, sprekkar eller kuldebruer
Mykje raskare – 100 m² loft blir isolert på om lag 1 time (mot fleire dagar med matter)
Mindre inngrep – berre små hol blir bora for innblåsing
Ingen avfall på byggjeplassen
Betre tetting rundt røyr, kablar og hindringar
Lågare kostnader totalt sett (mindre arbeidstid)
-
Blåseisolering eignar seg til:
Kaldloft – blir lagt laust oppå eksisterande isolasjon
Ytterveggar – blir blåst inn i holrom mellom stenderar
Golv/bjelkelag – fyller holrom mot kald kjellar eller kryperom
Skråtak – blir blåst inn i lukka konstruksjonar
Etasjeskilje – gir både varmeisolering og lyddemping
-
Når blei huset mitt bygd, og treng det etterisolering?
Før 1950:
Ofte heilt utan isolasjon eller berre fylt med leire, sagflis, klede eller aviser
Stort behov for etterisolering – kan spare fleire tusen kWh årleg
Blåseisolering er ei perfekt løysing
1950–1970:
Vanlegvis 10 cm mineralull eller cellulose
Isolasjonen er ofte samanpressa eller deformert
God investering å etterisolere
1970–1995:
Typisk 10–15 cm isolasjon
Dagens krav er om lag 25 cm i veggar og 30–35 cm i tak
Det løner seg å etterisolere, spesielt loftet
Etter 1995:
Betre isolasjonsstandard, men kan framleis ha behov for oppgradering til dagens krav
-
Ja! Dette er ein av dei store fordelane med blåseisolering. Ved etterisolering av veggar:
Det blir bora berre små hol (ca. 35 mm) i ytterpanelet
Isolasjonen blir blåst inn i holromma
Hola blir tette med treproppar som blir sparkla og måla over
Minimalt inngrep og ryddig prosess
På loft blir blåseisolasjonen lagt laust oppå den eksisterande isolasjonen – ingen riving nødvendig.
-
Det avhenger av byggeår og isolasjonstype. Eldre hus (før 1960) har sjeldan dampsperre frå før. Det vart vanleg først på midten av 1960-talet. Både tradisjonell isolasjon og blåseisolasjon med glassull krev som regel dampsperre.
Celluloseisolasjon er derimot hygroskopisk (fuktregulerande) og let bygningen puste naturleg – akkurat som lafta tømmer. Fordi cellulose er pustande, kan celluloseisolasjon som oftast brukast utan dampsperre. Celluloseisolasjon som Isocell kan ta opp og gje frå seg fukt utan å miste isolasjonsevna, og fungerer godt saman med overflater som oljemåling eller tapet, som ofte verkar som naturleg fuktsperre.
-
Når du etterisolerer, endrar du temperatur- og fuktforholda. Under følgjer nokre viktige førebyggjande tiltak:
På loft:
Sjå til at det er god ventilasjon/lufting
Ved isolasjon over 20–25 cm: Vurder dampsperre eller bruk cellulose/trefiber
Isoler også loftsluka
Raftepapp må trekkjast minst 20 cm over ferdig isolasjon
I veggar:
Kontroller at det er lufting bak utvendig kledning
Vurder celluloseisolasjon som handterer fukt naturleg
Unngå plast i gamle pustehus om mogleg
Generelt råd:
Ta kontakt med fagfolk som kjenner eldre bygg.
Celluloseisolasjon er ofte tryggare enn mineralull i gamle konstruksjonar utan dampsperre.
-
Ja! Enova har støtteordning for etterisolering (2025–2028):
Satsar:
Efterisolering av tak/loft: 150 kr/m² (maks 150 m²) = maks 22 500 kr
Efterisolering av ytterveggar: 150 kr/m² (maks 250 m²) = maks 37 500 kr
Totalt maks: 100 000 kr per bustad
Viktige krav:
Må vere heilårsbustad for privatperson (ikkje fritidsbustad)
Bustaden må vere bygd før 1. juli 1997
Søknad må sendast før arbeidet startar
Ferdig isolert konstruksjon skal ha U-verdi ≤ 0,18
Støtta dekkjer maks 25 % av godkjende kostnader
Krev dokumentasjon med faktura og sluttrapport
-
Typisk nedbetalingstid på etterisolering er 2–5 år, avhengig av byggjeår og noverande isolasjon. Eksempelvis vil besparing ved etterisolering av eit 100 m² hus (frå 10 til 30 cm isolasjon):
Loft: Ca. 2 300 kWh/år = 2 300–4 600 kr/år
Veggar: Ca. 1 800 kWh/år = 1 800–3 600 kr/år
Golv: Ca. 1 400 kWh/år = 1 400–2 800 kr/år
I eldre bustader (før 1960) med lite eller ingen isolasjon kan du spare 8 000–20 000 kWh årleg, som tilsvarar 8 000–40 000 kr per år avhengig av straumpris.
-
Tidsbruk ved blåseisolering:
100 m² kaldloft, 30 cm isolasjon: 1–4 timar inkl. rigg
Standard einebustad (komplett): 1–2 dagar
Kun ytterveggar (blåsing): 1 dag
Tradisjonell isolering med matter tek mykje lengre tid – ofte fleire dagar til ei veke for same jobb.
-
Ja, heilt fint! Ved innblåsing i veggar blir det bora små hol utvendig som tettast etterpå – du merkar knapt noko innvendig.
Fordelar med blåseisolering:
Minimalt støv inne i bustaden
Arbeidet skjer hovudsakleg på loft eller utvendig
Ingen støyande riving eller kapping
Minimal forstyrring for bebuarane
Celluloseisolasjon støvar ikkje og er allergivennleg
-
Prioritering ved etterisolering:
Start med loftet!
Størst varmetap (25–35 % av total energi)
Mest lønsam investering
Enklast og rimelegast å etterisolere
Rask jobb (1–4 timar)
Ingen tap av bustadareal
Deretter golv
Viktig i bustader utan oppvarma kjellar
Stoppar kalde, trekkfulle golv
Gjev god komfort
Til slutt veggar
Meir omfattande og dyrare
Bør kombinerast med utskifting av kledning
Stor effekt, men høgare kostnad
-
Nei, ved korrekt installasjon gjer ho ikkje det. Celluloseisolasjon blir blåst inn med rett komprimering (50–70 kg/m³), som er SINTEF-godkjend. Dette sikrar at isolasjonen står støtt og ikkje fell saman over tid.
Fordelar samanlikna med gamle løysingar:
Gammal spon, sagflis eller tidleg mineralull kunne synke
Moderne blåseisolasjon blir pakka med rett tettheit
Formstabil og svært lang levetid (cellulose brukt sidan før 1900)
Viktig! Bruk godkjende installatørar som følgjer produsentens spesifikasjonar.
-
Celluloseisolasjon har unike eigenskapar som gjer ho ideell for eldre bygningar:
Pustande materiale
• Kan ta opp og gje frå seg fukt naturleg
• Fungerer som treverk – let bygget “puste”
• Reduserer risiko for fuktskadarKan brukast utan dampsperre
• Perfekt for gamle bygg utan eksisterande dampsperre
• Vanskeleg og dyrt å montere tett plast i gamle konstruksjonar
• Cellulose regulerer fukt på naturleg visSkånsam metode
• Bevarar bygget sin opprinnelege konstruksjon og sjel
• Ingen behov for å rive overflater
• Beheld naturleg fuktbalanseHistorisk bevist
• Brukt som isolasjon sidan før 1900
• Erfaring frå verna bygg (t.d. Oslo domkyrkje, Holmenkollen kapell)
• Dokumentert haldbarheit i over 100 år
-
Ja! Celluloseisolasjon har svært god motstand mot skadedyr.
Cellulose blir behandla med borsalt og magnesium som:
Virkar uttørkande på mus og insekt
Gjer at materialet kollapsar dersom dei prøver å byggje reir
Gjev varig beskytting utan ekstra tiltak
Forskjell frå mineralull:
Mus byggjer ikkje reir i cellulose
Mus trivst i glasull og steinull
Gammal sagflis/spon var òg utsett for skadedyr
Dette er særleg viktig i eldre hus der mus kan vere eit problem.
-
Ja, særleg celluloseisolasjon:
85 % resirkulert materiale (aviser/papir)
Krev minst energi å produsere
Tørr produksjonsprosess utan utslepp
Kan gjenbrukast fleire gonger
Biologisk nedbrytbar til slutt
Glasull og steinull:
60–80 % resirkulert innhald
Høgare energibruk (smelting ved 1400–1600 °C)
Kan resirkulerast, men sjeldan i praksis
-
Ja, celluloseisolasjon er heilt trygg:
Støvar lite ved handtering
Inneheld ikkje allergen eller irriterande fiber
Brannhemmande salt i låge, trygge mengder (under EU-grenseverdiar)
Godkjend for bruk i bustader og skular
Mineralull (glas/steinull):
Fibrane kan irritere hud, auge og luftvegar under installasjon
Krev verneutstyr (hanskar, maske)
Trygg når ho er innkapsla, men ubehageleg å jobbe med
-
Ja, all blåseisolasjon som blir brukt i bustader er godkjend etter gjeldande brannkrav.
Celluloseisolasjon:
Brannklasse B (brannhemmande behandla)
Behandla med mineralske salt (borsalt)
Motstår flammar lenger enn mange trur – testar viser over 25 minutt ekstra motstand samanlikna med glasull
Brannhemmande stoff frigjer vatn ved høge temperaturar, som kjøler ned materialet
Steinull:
Brannklasse A1 (ubrennbar)
Tåler over 1000 °C utan å smelte
Den beste brannsikkerheita
Glasull:
Brannklasse A1 (ubrennbar)
Smeltar ved ca. 600–700 °C
Viktig å hugse:
Heile konstruksjonen må tole brann, ikkje berre isolasjonen
Celluloseisolasjon er godkjend og trygg for alle vanlege bustader
-
Blåseisolering er eit ideelt val dersom:
Du har eit eldre hus (særleg før 1980)
Du ønskjer etterisolering utan store inngrep
Du ønskjer rask installasjon (1–2 dagar)
Du vil fjerne kuldebruer heilt
Huset manglar dampsperre (vel celluloseisolasjon)
Du ønskjer ei miljøvennleg løysing
Du ønskjer best mogleg forhold mellom pris og kvalitet
Vel celluloseisolasjon (t.d. Isocell) dersom:
Huset er bygd før 1970
Det manglar dampsperre, eller ho er dårleg
Du vil at bygget skal kunne “puste” naturleg
Fuktregulering er viktig
Du har problem med mus på loftet
Du er opptatt av miljø og berekraft
